Amerikaner
Kortspelet mange av oss lærte rundt hyttebordet. No kan du spele det på iPhone, åleine mot datamaskinen eller med familien på kvar sin telefon.
Kjem snart i App Store
Spel med andre er gratis i lanseringaIngen reklame. Ingen konto. Ingen sporing.

By, rop og finn makkaren
Alle byr på kor mange stikk dei tek med ein makker. Den som vinn budet, speler ut og bestemmer trumf, og roper samtidig eit kort hen ikkje har.
Den som sit med det kortet, er makkaren. Men det veit ingen før kortet ligg på bordet.

Spel åleine
Dei andre rundt bordet er datamaskinen. Lett gjer menneskelege feil, Middels byr forsiktig, og Flink hugsar kvart einaste kort.
Spel med tre, fire eller fem rundt bordet, til 32, 52 eller 100 poeng. Det verkar utan nett.

Dekk eit bord for familien
Bestemor i Bodø, barnebarna i Bergen og deg på hytta. Same bord.
Lag eit bord og del koden. Alle speler på sin eigen telefon, og tomme stolar blir fylte av datamaskinen, så de kan starte sjølv om nokon manglar. Bordet står i 90 dagar etter siste trekk, så partiet kan gå over fleire kveldar. Er du ikkje i appen, får du varsel når det er din tur.

Husreglane dykkar
Alle familiar speler litt ulikt. Vel kitty eller ikkje, jokrar, grand utan trumf, at budvinnaren får dobbelt og fleire, så hugsar appen det til neste gong.

Poengblokka fører seg sjølv
Ring rundt den som bød, strek under makkaren, raudt når budet sprakk. Akkurat som på hytta.
Berre at ingen kan jukse med viskelæret.

For alle rundt bordet
Tre storleikar på tekst og kort, fire fargar på korta viss du vil, roleg tempo og færre animasjonar.
Lær reglane med ein øvingsrunde med hjelp.

Amerikaner på eitt minutt
- Fire spelarar, 13 kort kvar.
- By kor mange stikk du tek med ein makker. Minst 7.
- Budvinnaren speler ut, og fargen blir trumf. Rop eit kort i trumffargen som du ikkje har: den som har det, er makkaren din.
- Følg farge viss du kan. Høgaste trumf tek stikket, elles høgaste kort i fargen som vart spelt ut.
- Klarer laget budet, får begge det i poeng. Først til 52 vinn.
Appen har ein øvingsrunde med hjelp. Les alle reglane
Berre kortspelet
Amerikaner har ingen reklame, ingen konto og ingen sporing. Å spele åleine er gratis. Å spele med andre er gratis så lenge lanseringa varer.
Kjem snart i App Store