Hopp til innhaldet
Amerikaner
for presse

Hytte­favoritten er blitt app

Kortspelet mange nordmenn lærte rundt hyttebordet, er no på iPhone. Amerikaner er gratis å laste ned, utan reklame, og lèt familien spele saman på kvar sin telefon.

Kort om spelet

Amerikaner er eit kortspel for tre til fem, vanlegvis fire, der spelarane byr på kor mange stikk dei tek med ein makker. Den som vinn budet, roper eit kort hen ikkje har, og den som sit med det kortet, blir makkaren, utan at nokon veit det før kortet kjem på bordet.

I appen kan ein spele åleine mot datamaskinen på tre nivå, eller dekkje eit bord for familien: ein får ein kode, deler han, og alle speler på sin eigen telefon. Tomme stolar blir fylte av datamaskinen. Husreglane, som kitty, jokrar og grand utan trumf, kan veljast, og poengblokka blir ført med ring rundt den som bød og strek under makkaren, slik ho vart gjord på papir.

Appen er laga slik at alle rundt bordet skal kunne vere med, med tre storleikar på tekst og kort og ein øvingsrunde med hjelp for dei som ikkje kan reglane.

Fakta

Namn
Amerikaner
Kva
Kortspel med bud, trumf og løynleg makker, for tre til fem (best med fire)
Plattform
iPhone
Språk
Norsk (bokmål og nynorsk)
Pris
Gratis. Å spele med andre er gratis i lanseringa
Reklame og sporing
Ingen
Laga i
Hamar
App Store
Kjem snart

Appikon

Appikonet til Amerikaner: hjarter ess framfor ei vinraud kortbakside på grøn filt.PNG, 1024 × 1024

Skjermbilde

Frå App Store, 1320 × 2868. Trykk for å laste ned i full storleik.

Filmar

MP4, 1080 × 1920, utan lyd.

Kontakt

Spørsmål frå presse sender du som melding til @amerikaner.kortspill på Instagram.