Kven som er ansvarleg
Gjemo AS er behandlingsansvarleg for appen Amerikaner og nettstaden amerikaner.app. Spørsmål om personvern sender du som melding til @amerikaner.kortspill på Instagram. Kva som gjeld når du bruker appen, står i vilkåra.
Når du speler åleine
Partia, poengblokka, statistikken og innstillingane dine blir berre lagra på telefonen. Dei blir ikkje sende nokon stad. Slettar du appen, er dei borte.
Anonyme tal, berre viss du seier ja
Etter at du har spelt ein runde åleine, spør appen éin gong om du vil dele anonym bruksstatistikk. Utan ja blir ingenting telt, lagra eller sendt.
Seier du ja, tel appen
- kor mange parti åleine som er starta og spelte ferdig
- per dag og per tal på spelarar ved bordet (tre, fire eller fem).
Det er berre summar. Tala har ingen ID, ikkje noko namn og ikkje noko klokkeslett, så dei kan ikkje knytast til deg eller telefonen din. Appen sender dei når han startar eller blir opna igjen. Tal som ikkje er sende etter sju dagar, blir sletta.
Du kan ombestemme deg når som helst med brytaren «Del anonym bruksstatistikk» under Personvern i Innstillingar. Slår du han av, sluttar appen å telje, og tala på telefonen blir sletta.
Når du speler med andre
For å spele ved eit bord med kode trengst ein server. Han blir driven av Cloudflare på vegner av oss.
- Ingen innlogging. Telefonen får ein tilfeldig spelar-ID, så du får same plass igjen når du kjem tilbake.
- Namnet ditt ved bordet ser berre dei som har koden.
- Bordet (namna, korta, trekka, poenga og helsingane) blir lagra på serveren hos Cloudflare, som kan liggje utanfor EU, til bordet blir lagt ned, eller 90 dagar etter siste trekk. Då blir det sletta.
- Ingen eigne meldingar. Ved bordet kan de berre sende faste helsingar.
- Varsel: seier du ja til varsel når det er din tur, blir ei adresse frå Apple for varsel lagra saman med bordet. Varselet blir sendt gjennom Apple. Adressa blir sletta når bordet blir sletta, når du går frå bordet for godt, eller neste gong du opnar bordet etter at du har slått av «Sei frå når det er min tur».
- Logg: serveren loggfører det som skjer ved bordet (koden, namna og trekka) for å finne feil. Loggen blir lagra i nokre dagar. IP-adresser blir ikkje lagra.
- Tal per dag: serveren tel kor mange bord, parti og varsel det er per dag, utan namn, kodar eller ID-ar. Tala blir lagra i EU og sletta etter 400 dagar.
Som alle tenester på nett ser Cloudflare IP-adressa di når appen koplar til. Ho blir berre brukt der og då, for å stoppe misbruk, og blir ikkje lagra av oss.
Når appen startar, hentar han òg nokre innstillingar frå serveren, til dømes om eit banner skal visast. Den førespurnaden inneheld ingenting om deg.
Denne nettstaden
amerikaner.app har ingen informasjonskapslar og ingen analyse. Skriftene og bileta ligg på same server, så ingen andre får vite at du er her. Nettstaden blir levert av Cloudflare, og vi har slått av loggføringa.
Rettane dine
Du har rett til innsyn i, retting av og sletting av opplysningar om deg. Sidan vi ikkje veit kven du er, kan vi som regel ikkje finne deg i noko. Det du har lagra, slettar du sjølv: gå frå bordet for godt, eller slett appen.
Meiner du at vi behandlar opplysningar i strid med reglane, kan du klage til Datatilsynet.
Endringar
Endrar vi kva appen samlar inn, oppdaterer vi denne sida før endringa kjem i appen.
Sist endra 29. oktober 2026.
© 2026 Gjemo AS