Hopp til innhaldet
Amerikaner
kort fortalt

Vilkår

Spel pent, del koden berre med dei du vil spele med, og vel eit namn du kan stå for. Resten står her.

Kven du har avtale med

Amerikaner er laga av Gjemo AS. Når du bruker appen, gjeld desse vilkåra, i tillegg til Apples standard lisensavtale for appar.

Å spele åleine

Å spele åleine mot datamaskinen er gratis, utan reklame og utan konto. Det verkar utan nett, og alt blir berre lagra på telefonen din.

Å spele med andre

  • Koden til bordet gir plass ved bordet. Del han berre med dei du vil spele med.
  • Namnet ditt (høgst 16 teikn) ser alle som har koden. Ikkje bruk namn som er støytande, og ikkje lat som du er ein annan.
  • Ved bordet kan de berre sende faste helsingar. De kan ikkje skrive eigne meldingar.
  • Spel ærleg. Ikkje prøv å jukse, lure serveren eller overbelaste han. Ved misbruk kan sambandet bli stengt.
  • Går du frå bordet for godt, speler datamaskinen resten av partiet på plassen din.
  • Bordet blir lagt ned 90 dagar etter siste trekk, eller når den siste ved bordet legg det ned. Då blir det sletta.

Tenesta

Å spele med andre krev nett og spelserveren vår. Vi gjer vårt beste for at han alltid verkar, men vi kan ikkje love det. Vi kan endre eller forbetre appen og tenesta.

Å spele med andre er gratis så lenge lanseringa varer. Skal det koste noko, seier vi frå i appen minst 30 dagar før.

Ansvar

Appen blir levert slik han er. Vi er ikkje ansvarlege for parti eller poeng som går tapt, til dømes når eit bord blir lagt ned eller appen blir sletta. Dette avgrensar ikkje rettane du har etter forbrukarlovgivinga.

Personvern

Kva appen behandlar, og kvifor, står i personvernerklæringa.

Norsk lov

Vilkåra følgjer norsk lov. Er du usamd med oss, vil vi gjerne høyre det fyrst. Kjem vi ikkje til semje, kan du få hjelp frå Forbrukerrådet. Som forbrukar held du retten til å gå til domstolen der du bur.

Endringar og kontakt

Endrar vi vilkåra, oppdaterer vi denne sida. Er endringa viktig, seier vi frå i appen. Spørsmål sender du som melding til @amerikaner.kortspill på Instagram.

Sist endra 29. oktober 2026.

© 2026 Gjemo AS